Noen ganger dukker det opp innlegg som er for god, og korrekt, til å ikke komme ut til folket. Det er mye man ikke forstår, og som man ikke SKAL forstå, men noen ganger blir det for tåpelig som Audhild påpeker her. Til og med Nils Arne Eggen ga opp forsøkene med å forstå reglene og ble derfor trener igjen – for RBK.

Jeg må si jeg nikket meg samtykkende og smilende gjennom dette innlegget som stod på trykk i Vårt Land – skrevet av Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. (Artikkelen er gjengitt med tillatelse fra forfatteren)
—————————
Av for NAV
NAV kjem med ny pensjonsreform. Eg skal jobbe til eg døyr

Før i tida var dette med pensjon så greitt. Du arbeidde til du var 67, fekk ei øskje Kong Haakon, ein medalje, ein bunke nellikar, og så bar det heim til ein pose kamferdrops som du saug på til du døydde. No har pensjon vorte eit fag. Som ingen forstår. Heller ikkje NAV-direktør Tor Saglie, som ikkje vil vere NAV-direktør meir.

Ikkje før har ein forstått kva BSU var for noko, så er det berre å ta til med studiane for å forstå kva pensjon, AFP, PFU, OTP, DNA, UPS eller kva det no heiter, inneber. Det er berre ein ting som er sikkert: det er slutt på gratis. Gratis er så 1900-talet. På det moderne 2000-talet handlar det om reform, paragraf, fleksibilitet og individuelle løysingar. Det har faktisk blitt så fleksibelt at ein må vere noregsmeister i turn for å klare å gå ned i pensjonsspagaten. Om du skulle vere så heldig at du klarer det , kjem du i VG. Klarer du det ikkje, altså som dei aller fleste, kjem du ikkje i VG. Det er unntaka som kjem i avisa eller Se og Hør. Det veit jo alle, berre spør Knut Haavik, du finn han på Twitter.

Eg trur ikkje det finst vanlege pensjonistar no lenger. Du har mistepensjonistane, sjølvsagt, som er så fattige i verdas rikaste land at dei må stele kremtoppar frå butikken, fordi sjokoladeavgifta er så høg, og som må ta bussen til hjelpemiddelsentralen aldeles åleine, for å hente ein rullator, så dei kan plage alle bilistane.

Når eg googlar “pensjon” kjem eit treff frå nettstaden “Vi over 60″ nokså høgt. Dei kan fortelje at dette med pensjon, er “meget vanskelig”. Ord som tenestepensjon, alderspensjon, obligatorisk tenestepensjon, krigspensjon, avtalefesta pensjon, dukkar opp. Det er ny pensjonsreform og alle som fyller 62, skal få eit pensjonsbrev. Femtisju (!) personar sit klar på ein telefon hjå NAV sentralt for å svare på spørsmål folk har om pensjon. Femtisju personar! Det er jo like mykje som eit norsk bygdesamfunn! Eg lurer på om dei sit ved sida av kvarandre i små båsar i artige uniformer og har gått på sinnemeistringskurs, og mest truleg vert dei så flinke til å snakke med rasande menneske at dei kan få ny jobb som forhandlarar med terroristar når NAV-telefonen vert lagt ned.

Når eg så googlar “teoretisk astrofysikk”, ser alt mykje kjekkare ut. Der kan ein lære om “korleis verda og universet fungerer”, og det verkar så kjekt, så spennande, rett og slett tilgjengeleg. Noko for meg. Det verkar lettare å ta doktorgrad i teoretisk astrofysikk enn å lese brevet om pensjonsreformen frå NAV.

NAV. Stakkars NAV. Alle hatar NAV. Dersom du ikkje hatar NAV, er du unormal. Eller så har du klart å lure NAV, og elskar difor NAV med skadefryd. Du som lurte NAV. Som får 199 kroner meir i pensjon eller trygd enn det du skulle, fordi sakshandsamaren ikkje forstod regelverket. Før heitte det sosialkontoret, Trygdeetaten og aetat. No er det artige program på Petre og NRK Tre som heiter slikt. Staten måtte kvitte seg med “kontor” og “etat” og “verk”.

Minstepensjonist eller milliardær, ein kjem ikkje utanom NAV. Å måtte forholde seg til NAV, er som å gå til tannlegen når du veit at du har hol. Du vil ikkje tenkje på det, du utset det så lenge du kan, men på eit visst tidspunkt må du, elles vert du utan tenner. Ein går ikkje rundt tannlaus i dette landet. Det er alle samde om. Eg synest så synd i dei tilsette i NAV. NAV rår over ei tredel av statsbudsjettet. Ein tredel av statsbudsjettet! Altså 308 milliardar kroner. Likevel er det få som slår seg på brystet og seier med stoltheit i stemma at dei jobbar i NAV. Fleire av dei sit faktisk bak skotsikkert glas.

No går NAV endå verre tider i møte. Dei 57 personane som skal svare på telefon om pensjonsreformen er ikkje nok. Eg har høyrt eit rykte om at ein i grannelaget arbeider i NAV. Eg skal følgje nøye med bak gardinene. På om han no sekk saman, får grå hår. Han har neppe høg løn ein gong.

Eg har funne løysinga. Eg skal rett og slett aldri verte pensjonist. Eg orkar ikkje. Eg maktar ikkje lese alle dokumenta, og lure på om eg burde ha valt ei anna løysing. Eg skal difor rett og slett aldri gå av med pensjon. Eg skal jobbe til eg døyr.
——
Vårt Land, mai 2010 Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Takker Audhild for at jeg fikk spre denne.